Hopp til innhold
X
Innhald

Iowa

Iowa (forkorta Io. eller IA), delstat i USA på 145 752 km². Han har om lag 2,9 millionar innbyggjarar og ligg mellom elvane Mississippi og Missouri i eit typisk prærieland.
Iowa er den største delstaten for jordbruk i USA, med stor dyrking av mais, soyabønner og alfalfa. I tillegg kjem stort svine- og storfehald. Hovudstaden er Des Moines.
Iowa vart folkesett av kvite frå 1830-åra og framover. I 1838 vart området eige territorium, og i 1846 ein av delstatane. Iowa blir kalla Hawkeye State.

Iowa. Foto: David Warlick, flickr.com CC BY

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.01.2012
Sist oppdatert: 22.05.2013