Hopp til innhold
X
Innhald

Kansas

Kansas (forkorta Kan. eller KS), delstat i USA ved elvane Kansas og Arkansas, vest for Missouri. Flatevidda er på 213 097 km², og han har om lag 2,7 millionar innbyggjarar. Hovudstaden er Topeka. Området har vore kolonisert av europearar sidan 1727 og vart teke opp som delstat i 1861.
 
For ein stor del er det eit landbruksdistrikt med korndyrking (kveite og durra) og omfattande kveghald. Kansas City har elles nokre av dei største slakteria i USA. Delstaten har også viktige reservar av kol, olje, naturgass, helium, sink og bly. Han har i tillegg mykje petrokjemisk industri og flyindustri.
 
Kansas blir ofte kalla The Sunflower State.
 
Innhausting av kveite i Kansas. Foto: Lois Elling, flickr.com CC BY
 
Innhausting av kveite i Kansas. Foto: Lois Elling, flickr.com CC BY
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.01.2012
Sist oppdatert: 22.05.2013