Hopp til innhold
X
Innhald

Kentucky

Kentucky (forkorta Ky. eller KY), delstat i USA sør for elva Ohio, på 104 661 km². Kentucky har om lag 4,2 millionar innbyggjarar, og hovudstaden er Frankfort.
 
Mesteparten av delstaten har eit skogkledd bakkelandskap. Delstaten har også utstrekte karstlandskap, med Mammoth Cave, den største hòla i verda. I jordbruket er mais viktigast arealmessig, men tobakk er den største inntektskjelda. I tillegg blir det dyrka mykje kveite og soyabønner. Hesteavl er også ei viktig næring i delstaten.  Kentucky har store reservar av kol, olje og naturgass.
 
Delstaten vart kolonisert frå 1765 og var først ein del av Virginia, før området vart ein eigen delstat i 1792. Kentucky stod splitta under den amerikanske borgarkrigen. Delstaten blir kalla Bluegrass State.
 
Eit historisk bilete frå 1916: to born (4 og 6 år) arbeider på tobakksplantasje i Kentucky. Foto: The Library of Congress, flickr.com
 
Eit historisk bilete frå 1916: to born (4 og 6 år) arbeider på tobakksplantasje i Kentucky. Foto: The Library of Congress, flickr.com

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 22.05.2013