Hopp til innhold
X
Innhald

Louisiana

Louisiana (forkorta La. eller LA), delstat i det sørlege USA ved utløpet av Mississippi, på 123 677 km². Louisiana har om lag 4,5 millionar innbyggjarar, og hovudstaden er Baton Rouge. Ein stor del av dei kvite innbyggjarane er etterkomarar av franske kolonistar eller flyktningar.
 
Klimaet er av fuktig, subtropisk art. For ein stor del omfattar delstaten lågland med sumpstrøk, sjøar og store skogar. Det blir drive mykje jordbruk i Louisiana, for delstaten er den største produsenten av søtpoteter i USA og den nest største av ris, forutan at det blir dyrka soyabønner, bomull og mais.
 
Louisiana er òg ein av dei store produsentane av olje, naturgass og svovel i landet. I tillegg kjem treindustri, papirindustri og kjemisk industri. Mange indre vassvegar lettar transporten i sumpområda. Viktige hamnebyar er New Orleans og Baton Rouge.
 
Mississippidalen vart i 1682 erklært fransk og fekk namnet Louisiana etter Ludvig XIV. Frankrike avstod i 1762 området vest for Mississippi til Spania, men dei fekk området tilbake i 1800 og selde det til USA i 1803. Området aust for elva vart i 1763 avstått til Storbritannia. Heile området vart i 1793 lagt under amerikansk overherredøme, og det vart delstat frå 1812. Louisiana blir kalla Pelican State og Sugar State.

To gutar fiskar i ei elv i Louisiana i 1940. Foto: Marion Post Wolcott, flickr.com
To gutar fiskar i ei elv i Louisiana i 1940. Foto: Marion Post Wolcott, flickr.com

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 22.05.2013