Hopp til innhold
X
Innhald

Maine

Maine (forkorta Me. eller ME), delstat lengst nordaust i USA på 86 156 km². Maine har om lag 1,3 millionar innbyggjarar, og hovudstaden er Augusta. Delstaten er prega av skogkledde fjell- og dalområde, og av fjordkyst. Vintrane er kalde.
 
Treforedlingsindustri, potetdyrking, turisme og fiske er viktige næringsvegar. Maine har vore delstat sidan 1820, og han blir kalla Pine Tree State.
 
Foto under: Potetinnhausting i Maine 1940. Foto: Library of Congress, flickr.com

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 23.05.2013