Hopp til innhold
X
Innhald

Maryland

Maryland (forkorta Md. eller MD), delstat i USA ved Chesapeakebukta på austkysten. Maryland har eit areal på 27 091 km² og om lag 5,6 millionar innbyggjarar. Hovudstaden er Annapolis og den største byen Baltimore.
 
Jordbruk, med dyrking av grønsaker og broilerproduksjon, allsidig industri og turisme er viktige næringar. Maryland var ein av dei opphavlege 13 delstatane, og han har vore delstat sidan 1788. Maryland blir ofte kalla Old Line State eller Free State.
 
Baltimore. Foto: David Davies, flickr.com CC BY
Baltimore. Foto: David Davies, flickr.com CC BY

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 23.05.2013