Hopp til innhold
X
Innhald

Massachusetts

Massachusetts (forkorta Mass. eller MA), delstat nordaust i USA på 21 455 km². Massachusetts har om lag 6,5 millionar innbyggjarar, og hovudstaden er Boston. Delstaten er stor på industri, og var tidlegare mest kjend for tekstilindustrien sin. I dag er det den elektroniske industrien som pregar Massachusetts.
 
Dei første britiske utvandrarane, The Pilgrim Fathers, som kom med «Mayflower» i 1620, slo seg ned i Plymouth i Massachusetts. Den neste kolonien vart til i 1630. Delstaten var ein av dei opphavlege tretten, og han har vore rekna som delstat sidan 1788.
 
Massachusetts Institute of Technology (MIT), som vart grunnlagt 1861 i Boston, men flytta til Cambridge i Massachusetts i 1916, er no eit av dei fremste forskingssentruma i verda. Massachusetts blir kalla Bay State og Old Colony State.
 
Tekstilproduksjon i  Massachusetts i 1936. Foto: Lewis Hine, U.S National Archives.
 
Tekstilproduksjon i Massachusetts i 1936. Foto: Lewis Hine, U.S National Archives.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 23.05.2013