Hopp til innhold
X
Innhald

Michigan

Michigan (indiansk ’store innsjø’; forkorta Mich. eller MI), delstat i USA på 151 584 km². Michigan har om lag 10,1 millionar innbyggjarar, og hovudstaden er Lansing. Den største byen er Detroit. Delstaten omfattar sørkysten av Superiorsjøen og landet mellom Eriesjøen, Huronsjøen og Michigansjøen.
 
Viktige næringar er transportmiddel-, maskin- og bilindustri, og store sement- og møbelfabrikkar. I tillegg kjem jordbruk og utvinning av mineral. Michigan har vore delstat sidan 1837, og blir kalla Great Lakes State og Wolverine State.
Kvinne på arbeid i fabrikken til General Motors i Michigan. Fotoet er tatt ein gong mellom 1941-1945. Foto: Robert Yarnall Richie. Kjelde: SMU Central University Librarie.
 
Kvinne på arbeid i fabrikken til General Motors i Michigan. Fotoet er tatt ein gong mellom 1941-1945. Foto: Robert Yarnall Richie. Kjelde: SMU Central University Librarie.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 23.05.2013