Hopp til innhold
X
Innhald

Minnesota

Minnesota (indiansk ’himmelblått hav’; forkorta Minn. eller MN), delstat i USA med grense til Canada. Mange norske emigrantar slo deg ned i denne delstaten.

Flatevidda er 218 600 km², og delstaten har om lag 5,1 millionar innbyggjarar. Hovudstaden er St. Paul.
 
Minnesota har mykje jordbruk, husdyrhald, næringsmiddelindustri, treforedlingsindustri og gruvedrift på jernmalm. Delstaten omfattar områda vest for Superiorsjøen og den øvre delen av Mississippi – eit bølgjande sletteland med mange innsjøar. Duluth er ein viktig hamneby. Området vart territorium i 1849 og delstat i 1858. Minnesota blir kalla North Star State og Gopher State.

Mange norske emigrantar slo deg ned i denne delstaten.
 
Statue av norsk-amerikanaren Knute Nelson (1843- 1923). Vossingen vart guvenør og seinare senator for Minnesota i Washington, som første skandinav. Svært mange norske emigrantar slo deg ned i denne delstaten.  Foto: jpellgen, flickr.com CC BY.

Statue av norsk-amerikanaren Knute Nelson (1843–1923). Vossingen vart guvernør og seinare senator for Minnesota i Washington, som første skandinav. Svært mange norske emigrantar slo deg ned i denne delstaten. Foto: jpellgen (@1179_jp), Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 02.05.2018