Hopp til innhold
X
Innhald

Mississippi

Mississippi (indiansk ’den store elva’, forkorta Miss. eller MS), delstat i USA på 123 514 km². Mississippi har om lag 2,9 millionar innbyggjarar, og hovudstaden er Jackson.
 
I tillegg til olje- og gassreservar har delstaten jordbruk, med stor produksjon av soyabønner og bomull, husdyrhald, skogbruk og treforedling. Han omfattar landet aust for det nedre løpet til elva Mississippi, og har ein kort kyst mot Mexicogolfen. Biloxi er hamnebyen der. Klimaet er av fuktig, subtropisk art. Området vart kolonisert av franskmenn i 1699, i 1763 tok britane over, og i 1817 vart det gjort til delstat. Mississippi blir kalla Magnolia State.
 
Foto under: Kvinnelege sveisarar ved eit skipsverft i Mississippi, 1943. Foto: Spencer Beebe. Kjelde: U.S National Archives.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 23.05.2013