Hopp til innhold
 Kansas. Foto: Kansas Tourism, flickr.com CC BY
Kansas. Foto: Kansas Tourism, flickr.com CC BY
X
Innhald

Missouri

Missouri, forkorta MO eller Mo., er ein delstat i USA. Han er på 180 514 km² og har om lag 6 millionar innbyggjarar. Den indianske tydinga av namnet er «gjørmete vatn».
Hovudstad er Jefferson City, og dei største byane er Saint Louis, som ligg like sør for staden der elva Missouri renn ut i Mississippi, og Kansas by, like ved grensa til delstaten Kansas. Det vert drive eit omfattande jordbruk med produksjon av soyabønner, kveite og mais. Husdyrhald og transportmiddel- og næringsmiddelindustri er også viktige næringar. Delstaten har førekomstar av olje, kol og jernmalm.
Missouri omfattar landet på begge sider av den nedre delen av elva Missouri. Området vart kolonisert av franskmennene frå 1735, det vart territorium i USA i 1812 og delstat frå 1821. Delstaten vert kalla Show Me State.
Foto under: Ein dampbåt i Saint Louis. Foto: John Hartnup CC BY

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.03.2013
Sist oppdatert: 23.05.2013