Hopp til innhold
X
Innhald

Montana

Montana, forkorta Mont. eller MT, er ein delstat i USA. Han er på 380 848 km² og har om lag 998 000 innbyggjarar.
Hovudstad er Helena, og den største byen er Billings. Montana grensar til Canada og omfattar ein del av Rocky Mountains i vest og av præriane i aust. Dyrking av kveite og bygg og storfe- og sauehald er viktige næringar. Det vert også utvunne mineral, blant anna kopar, sink og bly. Delstaten har industri.
Montana vart territorium i 1864 og delstat frå 1889. Han vert kalla Treasure State og Big Sky State. 
Ein cowboy i Montana, 1942. Foto: Russell Lee. Kjelde : The Library of Congress.
Ein cowboy i Montana, 1942. Foto: Russell Lee. Kjelde : The Library of Congress.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.03.2013
Sist oppdatert: 26.05.2017