Hopp til innhold
X
Innhald

Nebraska

Nebraska (indiansk’grunn elv’, jamfør Platte River; forkorta Nebr. eller NE), delstat i USA på 200 349 km². Nebraska har om lag 1,8 millionar innbyggjarar, og hovudstaden er Lincoln.
Nebraska har eit typisk prærieland med tørrare område i vest, og er eit av dei viktigaste jordbruksområda i USA, med dyrking av mellom anna kveite, mais, sorghum og sukkerroer. Kvegdrift er også ei viktig næring, og byen Omaha har store slakteri og møller. Området vart territorium i 1854 og delstat i 1867. Nebraska blir kalla Cornhusker State.


Lincoln, Nebraska, 1973. Foto: Charles O'Rear. Kjelde: U.S National Archives
Lincoln, Nebraska, 1973. Foto: Charles O'Rear. Kjelde: U.S National Archives

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 23.05.2013