Hopp til innhold
 Foto: Douglas Cole, flickr.com CC BY
Foto: Douglas Cole, flickr.com CC BY
X
Innhald

Nevada

Nevada, forkorta NV eller Nev., er ein delstat i USA. Namnet er spansk og tyder «snødekt». Nevada er ein fjellstat mellom California og Utah. Han er på 286 352 km² og har om lag 2,7 millionar innbyggjarar. Hovudstad er Carson City.
 
Delstaten består av eit stort platå, som er skore opp av fjellkjeder som går i retning nord–sør, med toppar på over 4000 meter over havet. Boundary Peak er høgast av desse. Klimaet er tørt og solrikt. I Nevada ligg fornøyelsessentera Las Vegas og Reno.
 
Delstaten har stor gruvedrift og kjemisk industri, og det er stor turisttrafikk. Mexico gav avkall på Nevada i 1848, og han vart eige territorium 1861 og delstat frå 1864. Han vert kalla Silver State og Battle Born State.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.03.2013
Sist oppdatert: 23.05.2013