Hopp til innhold
X
Innhald

New Hampshire

New Hampshire (oppkalla etter det engelske grevskapet Hampshire; forkorta N.H. eller NH), delstat i USA som er ein av dei opphavlege New England-statane. New Hampshire har eit areal på 24 033 km² og om lag 1,3 millionar innbyggjarar. Hovudstaden er Concord.
 
Klimaet er kontinentalt og landskapet kupert med mange mindre sjøar. Den største byen er Manchester, som har om lag 110 000 innbyggjarar. Jordbruk, maskinindustri, metallindustri, tekstilindustri, skoproduksjon og turisme er viktige næringsvegar. New Hampshire vart eigen provins i 1679 og delstat i 1788. Han blir kalla Granite State.
 
Motiv frå Gorham, New Hampshire. Foto: Grant MacDonald, flickr.com CC BY
 
Motiv frå Gorham, New Hampshire. Foto: Grant MacDonald, flickr.com CC BY
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 23.05.2013