Hopp til innhold
X
Innhald

New Jersey

New Jersey (oppkalla etter kanaløya Jersey; forkorta N.J. eller NJ), delstat i USA sørvest for New York, på 20 168 km². New Jersey har om lag 8,8 millionar innbyggjarar, og hovudstaden er Trenton. Den største byen er Newark.
Klimaet er fuktig og landskapet omfattar kystsletter i aust og høgland i Appalachane i nordvest. Delstaten har mykje jordbruk, særleg dyrking av grønsaker, frukt og bær. Andre viktige næringsvegar er kjemisk industri og produksjon av mellom anna gummi, lêrvarer, konfeksjon, bilar, fly og maskiner.
New Jersey er ein av dei tretten opphavlege unionsstatane. Han var ein britisk koloni fram til 1702, og vart delstat i 1787. New Jersey blir gjerne kalla Garden State.



Kvinne på tekstilfabrikk i Paterson, New Jersey i 1937. Foto: Lewis Hine. Kjelde: The U.S. National Archive.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 23.05.2013