Hopp til innhold
X
Innhald

New Mexico

New Mexico (forkorta N.Mex. eller NM), delstat i USA på 314 925 km². New Mexico har om lag 1,9 millionar innbyggjarar, og hovudstaden er Santa Fe. Den største byen er Albuquerque.
 
Landskapet omfattar fjell i nord (Rocky Mountains med toppar på opptil 4000 moh.) og sletteland i aust. Dei solrike strøka har trekt mange innvandrarar til seg. Delstaten har mange mineralkjelder, og det blir mellom anna drive utvinning av uran, kalium, sink, bly og kopar. I sør finst det olje og naturgass. Elles er kveghald og jordbruk med dyrking av korn, frukt, grønsaker og bomull viktige næringar. Mykje av det blir dyrka med kunstig vatning. New Mexico har òg mykje turisttrafikk.
 
Delstaten høyrde til Spania fram til 1821 og Mexico fram til 1848, då området vart avstått til USA etter den meksikansk-amerikanske krigen. New Mexico har vore delstat sidan 1912, og blir kalla Land of Enchantment.
 
Foto under: kveg i New Mexico. Foto: Frank Carey, flickr.com CC BY
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 23.05.2013