Hopp til innhold
 New York, foto: Ceclo Flores, flickr.com
New York, foto: Ceclo Flores, flickr.com
X
Innhald

New York (delstat)

New York (forkorta N.Y. eller NY), delstat i USA på 127 189 km². Han har om lag 19,3 millionar innbyggjarar, og hovudstaden er Albany. Den største byen er New York by.
Delstaten er den tredje mest folkerike i USA, etter California og Texas. Jordbruket gjev grønsaker, frukt og husdyrprodukt. New York er ein av dei viktigaste industristatane i USA, med mellom anna konfeksjonsindustri, elektroteknisk industri og kjemisk industri. I tillegg husar han mange trykkjeri og forlag.
Området var engelsk koloni frå 1664, og det vart delstat i 1788. New York blir kalla Empire State.
Foto under: New York by fotografert frå toppen av Empire State Building. Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 23.05.2013