Hopp til innhold
 Tobakksproduksjon i North Carolina 1939. Foto: Marion Post Wolcott, New York City Library.
Tobakksproduksjon i North Carolina 1939. Foto: Marion Post Wolcott, New York City Library.
X
Innhald

Nord-Carolina

Nord-Carolina ein delstat i USA med 9, 7 millionar innbyggjarar. Delstaten har stor jordbruksproduksjon og er den største produsenten av tobakk i USA.

Nord-Carolina, forkorta NC eller N.C., er ein delstat i USA. Han er på 136 412 km² og har om lag 9,7 millionar innbyggjarar. Hovudstad er Raleigh, medan den største byen er Charlotte. Halvdelen av staten er kystslette, resten er for det meste eit område ved foten av Appalachane.
Delstaten har stor jordbruksproduksjon og er den største produsenten av tobakk i USA. Andre viktige avlingar er mais, bomull, soyabønner og jordnøtter. Det finst stor bomulls- , tobakks- og treindustri. Området sør for Virginia vart i 1629 kalla Carolina etter kong Karl av England. I 1663 vart det delt i Nord- og Sør-Carolina. Nord-Carolina vart delstat i 1789 og var ein av dei leiande sørstatane under den amerikanske borgarkrigen. Delstaten vert kalla Tar Heel State og Old North State.

Foto under: Kring middagsbordet i Nord- Carolina i 1939. Foto: Marion Post Wolcott. Kjelde: New York Public Library.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.03.2013
Sist oppdatert: 24.02.2016