Hopp til innhold
X
Innhald

Nord-Dakota

Nord-Dakota (engelsk North Dakota, namn etter dakotaindianarane; forkorta N.Dak. eller ND), delstat i USA ved grensa til Canada, på 183 117 km². Nord-Dakota har om lag 630 000 innbyggjarar, og hovudstaden er Bismarck. Den største byen er Fargo.
 
Delstaten er ein tørr præriestat med jordbruk og kvegdrift som dei viktigaste næringsvegane. Det blir dyrka mellom anna rug, vårkveite, bygg, poteter og mais. I tillegg blir det vunne ut olje, naturgass og brunkol. Det er fleire indianarreservat i delstaten.
 
Nord-Dakota vart delstat i 1889, då territoriet Dakota vart delt i statane Nord-Dakota og Sør-Dakota. Delstaten blir kalla Peace Garden State og Roughrider State.

Ekstern lenke, kart over indianarreservat i USA: http://nationalatlas.gov/printable/fedlands.html#list
 
Indianarfamilie i reservat, 1943. Ukjend fotograf.  Kjelde: National Archives and Record Administration, USA.
Indianarfamilie i reservat, 1943. Ukjend fotograf.  Kjelde: National Archives and Record Administration, USA.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 24.05.2013