Hopp til innhold
X
Innhald

Ohio

Ohio (indiansk ’vakre elv’; forkorta O. eller OH) delstat i USA mellom Ohio River og Eriesjøen, på 107 044 km². Ohio har om lag 11,5 millionar innbyggjarar, og største by og hovudstad er Columbus.
Delstaten er rik på naturressursar som kol, olje, naturgass, kalk og salt, noko som er grunnlaget for mellom anna kjemisk industri og maskin- og stålindustri. Vidare blir det dyrka mais, kveite, soyabønner og grønsaker ved Eriesjøen, og tobakk i sør. Storfe- og svinehald er også ei stor næring.
Området var rekna som eit territorium frå 1800, og som delstat frå 1803. Ohio blir kalla Buckeye State.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 10.01.2019