Hopp til innhold
X
Innhald

Oklahoma

Oklahoma (indiansk ’det raude folket’; forkorta Okla. eller OK), delstat i USA på 181 185 km². Oklahoma har om lag 3,5 millionar innbyggjarar, og største by og hovudstad er Oklahoma City. Delstaten ligg mellom Texas og Kansas, og er for det meste eit slette- og platåland.
Viktige næringar er jordbruk, med dyrking av kveite, mais, sorghum og jordnøtter, og storfehald. I tillegg kjem oljefelt med petrokjemisk industri.
Oklahoma har vore delstat sidan 1907, då Oklahoma-territoriet og eit stort indianarterritorium vart slått saman. Delstaten blir gjerne kalla Sooner State.
Foto frå 1913 av Kiawa indianarjenter i Oklahoma. Foto frå Lawrence T. Jones III Texas photography collection. Kjelde: SMU Central University.
Foto frå 1913 av Kiawa indianarjenter i Oklahoma. Foto frå Lawrence T. Jones III Texas photography collection. Kjelde: SMU Central University.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 27.05.2013