Hopp til innhold
X
Innhald

Oregon

Oregon (indiansk ’vakre vatn’; forkorta Ore. eller OR), delstat i USA ved Stillehavet, mellom California og Washington. Oregon har eit areal på 251 148 km² og om lag 3,6 millionar innbyggjarar. Hovudstaden er Salem og den største byen Portland.
 
Delstaten har fiskeri langs kysten, jord- og hagebruk med stor grønsakproduksjon i vest, kveitedyrking og kvegavl i dei tørrare områda i aust og skogbruk i fjellsidene. I tillegg er treforedlings- og næringsmiddelindustri og fiske viktige næringar.
 
Området har vore delstat sidan 1859. Oregon blir kalla Beaver State.
 

Arbeidarar på smultringfabrikk i Portland, Oregon ca 1940. Ukjend fotograf. Kjelde: OSU Special Collection & Archives.

Arbeidarar på smultringfabrikk i Portland, Oregon ca 1940. Ukjend fotograf. Kjelde: OSU Special Collection & Archives.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 27.05.2013