Hopp til innhold
X
Innhald

Pennsylvania

Pennsylvania (forkorta Pa. eller PA), delstat nordaust i USA på 117 347 km². Pennsylvania har om lag 12,4 millionar innbyggjarar, og hovudstaden er Harrisburg. Den største byen er Philadelphia.
Delstaten har stor produksjon av kol, jern og stål, mykje maskin- og konfeksjonsindustri og mykje jordbruk, med produksjon av mellom anna kveite, mais, grønsaker, frukt, tobakk og mjølkeprodukt.
Pennsylvania har namn etter William Penn, som fekk størsteparten av staten av kong Karl II av England. Pennsylvania er ein av dei opphavlege tretten delstatane i USA, og han vart gjord til delstat i 1787. Han blir kalla Keystone State og Quaker State.

Barnearbeidarar i kolgruva Pennsylvania Coal Co., Pittston, Pennsylvania i 1911. Foto: Lewis Wickes Hine. Kjelde: The Library of Congress

Barnearbeidarar i kolgruva Pennsylvania Coal Co., Pittston, Pennsylvania i 1911. Foto: Lewis Wickes Hine. Kjelde: The Library of Congress

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 27.05.2013