Hopp til innhold
X
Innhald

Rhode Island

Rhode Island (forkorta R.I. eller RI), delstat i USA på 3139 km². Rhode Island har om lag 1,1 millionar innbyggjarar, og største by og hovudstad er Providence.
 
Delstaten er den minste i USA, og han ligg i nordaust ved Atlanterhavet. Dei første kolonistane kom dit frå Massachusetts i 1636. Rhode Island er ein av dei opphavlege tretten delstatane, og han vart delstat i 1790. I dag er han ein utprega industristat med metall- og maskinindustri samt framstilling av juvelar og sølvvarer. Tidlegare hadde delstaten også stor tekstilindustri. Rhode Island blir kalla Little Rhody og Ocean State.
 
Newport, Rhode Island, 1911. Foto: Bain New Service. Kjelde: The Library of Congress.
Newport, Rhode Island, 1911. Foto: Bain New Service. Kjelde: The Library of Congress.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.01.2012
Sist oppdatert: 27.05.2013