Hopp til innhold

 South Carolina møter Wofford. Foto: Perry McLeod, flickr.com CC BY
South Carolina møter Wofford. Foto: Perry McLeod, flickr.com CC BY
X
Innhald

Sør-Carolina

Sør-Carolina, forkorta SC eller S.Car. (South Carolina), er ein delstat på austkysten av USA.

Sør-Carolina er på 80 582 km² og har om lag 4,7 millionar innbyggjarar. Hovudstad er Columbia. Viktige næringar er jordbruk, med dyrking av tobakk, soyabønner, mais og bomull, husdyrhald og skogbruk. Delstaten har stor tekstil- og treforedlingsindustri.

Området vart kolonisert av englendarar frå om lag 1650. Det var ein av dei 13 opphavlege statane i USA, og var delstat frå 1788. Sør-Carolina var den første staten som gjekk ut av unionen, i 1860, i samband med den amerikanske borgarkrigen, 1861–65. Delstaten har fått namn etter kong Karl 2. av England. Han vert kalla Palmetto State.

Foto: Piknik i Beaufort, Sør-Carolina, 1939. Foto: Marion Post Wolcott. Kjelde: New York Public Library.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.03.2013
Sist oppdatert: 24.02.2016