Hopp til innhold
X
Innhald

Sør-Dakota

Sør-Dakota (engelsk South Dakota; forkorta S.Dak. eller SD), delstat i USA på 199 730 km². Sør-Dakota har om lag 767 000 innbyggjarar, og hovudstaden er Pierre. Den største byen er Sioux Falls.
 
Delstaten er ein præriestat med mykje havre-, mais- og kveitedyrking, og husdyrhald. Gullutvinning og næringsmiddelindustri er også viktige næringar. Området vart territorium i 1861 og delstat i 1889. Sør-Dakota blir kalla Coyote State.

Foto under: Indianar i Sør-Dakota. Foto: Edward Sherriff Curtis. Kjelde: Museum of Photographic Art, USA.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.01.2012
Sist oppdatert: 27.05.2013