Hopp til innhold
 Grava til Elvis Presley i Memphis. Foto: Joel Cramer, flickr.com CC BY
Grava til Elvis Presley i Memphis. Foto: Joel Cramer, flickr.com CC BY
X
Innhald

Tennessee

Tennessee er namn både på ein delstat og ei elv i USA. Delstaten Tennessee ligg mellom Mississippi og Appalachane, forkorta TN eller Tenn. Han er på 109 153 km² og har om lag 6,4 millionar innbyggjarar.
 
Hovudstad er Nashville, medan den største byen er Memphis. Tennessee har omfattande gruveindustri, med særleg vekt på svovelkis, fosfat og kol. Andre viktige næringsvegar er jordbruk, blant anna vert det dyrka bomull og tobakk, og husdyrhald. Tennessee vart delstat i 1796. Han vert kalla Volunteer State. Elva Tennessee har ei lengd på om lag 1100 km. Ho kjem frå Appalachane og munnar ut i Ohio.
 
Foto under: Nashville. Foto: Jim Daveport, flickr.com CC BY 2.0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.03.2013
Sist oppdatert: 27.05.2013