Hopp til innhold
Rodeo i Texas. Foto: Ron Guest, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.
Rodeo i Texas. Foto: Ron Guest, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.
X
Innhald

Texas

Texas, nest største delstaten i USA og den viktigaste jordbruksstaten i USA. Texas har mange store kvegranchar, og det er stor stor produksjon av olje og naturgass.

Texas, forkorta TX eller Tex., er ein delstat i USA. Han er den nest største, etter Alaska, med 691 027 km², og han er den nest folkerikaste, etter California, med om lag 25,7 millionar innbyggjarar. Delstaten ligg ved Mexicogolfen. Hovudstaden er Austin, medan den største byen er Houston.
 
Texas er den viktigaste jordbruksstaten i USA. Her finst mange store kvegranchar, og det vert drive oppdrett av angorageiter, som gir mohair, og av høns og kalkunar. Dei viktigaste jordbruksprodukta er mais, ris, bomull, kveite og durra. Det er stor produksjon av olje og naturgass, og staten har store førekomstar av salt, svovel og helium. Texas har ein omfattande petrokjemisk industri, og dessutan smelteverk og næringsmiddelindustri.
 
Området vart kolonisert av spanjolane i 1686, det høyrte til Mexico til 1836 og var ein sjølvstendig republikk ("The Lone Star State") inntil 1845. Texas kom i krig med Mexico etter å ha slutta seg til USA som delstat. Delstaten deltok på sørstatane si side i borgarkrigen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.03.2013
Sist oppdatert: 21.11.2017