Hopp til innhold
 Adobe Utah Technology Campus. Foto: cityhome collective, flickr.com CC BY
Adobe Utah Technology Campus. Foto: cityhome collective, flickr.com CC BY
X
Innhald

Utah

Utah, forkorta UT, er ein delstat i USA. Han ligg i den vestlege fjellkjeda ved innsjøen Great Salt Lake. Delstaten er på 219 888 km² og har om lag 2,8 millionar innbyggjarar. Hovudstad er Salt Lake City.
 
Utah har eit tørt, kontinentalt klima. Husdyrhald og åkerbruk vert drive på areal med kunstig vatning. Det vert vunne ut kol, kopar og beryllium, og delstaten har dessutan stål- og transportmiddelindustri. Turismen er viktig.
 
Området rundt Salt Lake City er eit av dei fremste i USA sin dataindustri. Fleire av verdas leiande programvarefirma held til her. Staten vart grunnlagd i 1847 av mormonar. Han vart territorium i 1850 og har vore delstat frå 1896. Han vert kalla Beehive State.
 
Foto under: Helleristingar i  Utah Newspaper Rock, i Indian Creek State Park, Utah. Foto: David Hiser. Kjelde: The US National Archives.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.03.2013
Sist oppdatert: 27.05.2013