Hopp til innhold
X
Innhald

Vermont

Vermont (fransk ’grønt fjell’; forkorta Vt. eller VT), delstat nordaust i USA, ved grensa til Canada. Vermont har eit areal på 24 900 km² og om lag 624 000 innbyggjarar. Hovudstaden er Montpelier.
 
Jord- og skogbruk, maskin-, datamaskin-, møbel- og papirindustri samt turisme er dei viktigaste næringane. Vermont vart den 14. delstaten i unionen i 1791, og han blir gjerne kalla Green Mountain State.
 
Foto under; Byen Woodstock i Vermont, mars 1940. Foto: Marion Post Wolcott. Kjelde: The Library of Congress.
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.01.2012
Sist oppdatert: 28.05.2013