
Maisåker i Virginia. Foto: Chesapeake Bay Program, flick.com CC BY
Innhald
Virginia
Virginia, forkorta VA eller Va., er ein delstat på austkysten av USA. Han er på 105 586 km² og har om lag 8,1 millionar innbyggjarar. Hovudstad er Richmond.
Det vert særleg dyrka tobakk, jordnøtter, eple, søtpoteter, mais og grønsaker, og ein drivhusdyrhald. Delstaten har dessutan kjemisk industri, tekstilindustri, næringsmiddelindustri, møbelindustri og papirindustri, og det finst verksemder innan elektronikk og høgteknologi. Det vert også vunne ut kol.
Delstaten vart grunnlagd som engelsk koloni i 1580-åra og kalla Virginia til ære for "jomfrudronninga" Elizabeth 1. Han vart den tiande delstaten i USA i 1788. Virginia vert kalla Old Dominion.

Foto av kvinneforeininga "Sunshine Club" i Virginia 1918. Foto: Jewish Historical Society of the Upper Midwest.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 26.03.2013
Sist oppdatert: 28.05.2013
Sist oppdatert: 28.05.2013