Hopp til innhold
 Hovudkontoret til Microsoft i Seattle. Foto: Seattle Clouds, flickr.com CCBY
Hovudkontoret til Microsoft i Seattle. Foto: Seattle Clouds, flickr.com CCBY
X
Innhald

Washington

Washington, forkorta Wash. eller WA, er ein delstat i USA. Han er på 176 479 km² og har om lag 6,8 millionar innbyggjarar. Hovudstad er Olympia, medan den største byen er Seattle.
Delstaten ligg ved stillehavskysten. Ein driv skogbruk, dyrking av kveite og frukt og husdyrbruk i det indre av delstaten. Det finst omfattande vasskraftmengder, og ein har fly-, aluminiums-, treforedlings- og maskinindustri.
Delstaten har verksemder innan høgteknologi, særleg dataindustri, og han er heimstaten til dataselskapet Microsoft. Washington har vore delstat frå 1889. Han vert kalla Evergreen State.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.03.2013
Sist oppdatert: 28.05.2013