Hopp til innhold
X
Innhald

Wisconsin

Wisconsin (forkorta Wis. eller WI), delstat i USA, vest for Michigansjøen, på 145 436 km². Wisconsin har om lag 5,5 millionar innbyggjarar, og hovudstaden er Madison. Den største byen er Milwaukee.
 
Delstaten har mykje storfe- og svinehald, osteproduksjon og mais-, kveite- og potetdyrking. I tillegg har han maskin-, treforedlings- og transportmiddelindustri og mineralutvinning. Wisconsin har vore delstat sidan 1848, og blir kalla Badger State.
 
Foto under: Fru Mary Betcher på inspeksjon ved våpenfabrikken Chain Belt Company i Milwaukee, Wisconsin, under andre verdskrigen, i februar 1943. Foto: Howard R. Hollem. Kjelde: Library of Congress.
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.01.2012
Sist oppdatert: 28.05.2013