Hopp til innhold
X
Innhald

Wyoming

Wyoming (forkorta Wyo. eller WY), delstat i USA, i fjellområda i vest. Wyoming har eit areal på 253 324 km² og om lag 509 000 innbyggjarar – det minste folketalet av delstatane i USA. Hovudstaden er Cheyenne.
 
Dyrking av kveite, sukkerroer og høy, husdyrhald (særleg kvegdrift), turisme og næringsmiddelindustri er dei viktigaste næringane. I tillegg blir det vunne ut noko olje og naturgass. Wyoming har vore delstat i USA sidan 1890, og blir kalla Equality State og Cowboy State.
 
Under: Mt. Moran og Jackson Lake i Grand Teton National park, Wyoming, 1941. Kjelde: the U.S. National Archives.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.01.2012
Sist oppdatert: 28.05.2013