Hopp til innhold

Canada

Canada

Canada, forbundsstat i Nord-Amerika som omfattar ti provinsar og to territorium. Leiv Eiriksson kom til austkysten av Canada allereie omkring år 1000.

Les meir om Canada

Chile

Chile

Chile (República de Chile), republikk på vestkysten av Sør-Amerika. Spaniarane byrja å kolonisere Chile i 1530-åra og landet vart sjølvstendig i 1818.

Les meir om Chile

Colombia

Colombia

Colombia (República de Colombia), republikk nordvest i Sør-Amerika. Colombia er den nest største kaffiprodusenten i verda, og kaffien står for om lag 2/3 av eksportinntektene

Les meir om Colombia

Costa Rica

Costa Rica

Costa Rica (República de Costa Rica), republikk i Mellom-Amerika. Costa Rica har obligatorisk 9-årig skule og i mellomamerikansk samanheng er landet eit velferdssamfunn.

Les meir om Costa Rica

Cuba

Cuba

Cuba (Républica de Cuba), republikk som ligg på den største øya i Dei store Antillane i Karibia. Sukker utgjer halvdelen av eksportinntektene, og elles blir det eksportert nikkel, fisk, tobakk og kaffi.

Les meir om Cuba

Uruguay

Uruguay

Uruguay (República Oriental del Uruguay), republikk i Sør-Amerika. Hovudnæringsvegen er fedrift, og dei viktigaste eksportvarene er ull, kjøt og huder. Det offisielle språket er spansk.

Les meir om Uruguay

USA

USA

USA er den mektigaste nasjonen i verda, med store naturressursar og store menneskelege ressursar. Som supermakt er landet både elska og hata.

Les meir om USA

Peru

Peru

Peru (República del Perú), republikk som ligg langs Stillehavet i Sør-Amerika. Innanfor den jamne kysten ligg det eit 30–130 km breitt, ørkenaktig kystland og innanfor dette igjen reiser Andeshøglandet, la sierra, seg. Peru var sentrum i inkariket, som vart knust av spaniarane under Pizarro i 1532–33.

Les meir om Peru

Panama

Panama

Panama (República de Panamá), republikk sør i Mellom-Amerika. Midt i landet finn ein eit lågtliggjande, smalt sumpområde ved Panamakanalen. Det blir dyrka bananar, ris, mais og kaffi.

Les meir om Panama

Mexico

Mexico

Mexico (Estados Unidos Mexicanos), forbundsrepublikk i den sørlege delen av Nord-Amerika. Mexico høyrer til mellom dei industrielt mest utvikla landa i Latin-Amerika. Før spaniarane kom, hadde indianske høgkulturar (mayafolk, toltekarar, aztekarar) sett preg på landet.
Les meir om Mexico

Jamaica

Jamaica

Jamaica (Jamaica), øyrepublikk i Karibia, rett sør for søraustkysten av Cuba. Klimaet er fuktig og tropisk. På plantasjar blir det dyrka sukkerrøyr og bananar, kakao og turismen er særleg viktig på nordkysten.
Les meir om Jamaica

Honduras

Honduras

Honduras (Republica de Honduras), republikk i Mellom-Amerika som grensar til Nicaragua, El Salvador og Guatemala. Landet har breie kystsletter og fjellkjeder med opptil 2850 m høge, utsløkte vulkanar. Landet har sidan 2000-åra vore prega av vald og kriminalitet.

Les meir om Honduras

Haiti

Haiti

Haiti (République d'Haïti eller Repiblik Dayti), republikk i Karibia som utgjer den vestlege delen av øya Hispaniola.
Dei fleste innbyggjarane er småbønder som lever i stor fattigdom. Det blir dyrka kaffi, sisal og sukkerrøyr til eksport, og mais, ris, søtpoteter, maniok og bønner til eige bruk.
Les meir om Haiti

Guatemala

Guatemala

Guatemala (República de Guatemala), republikk i Mellom-Amerika som grensar til Belize, El Salvador, Honduras og Mexico. Dei fleste driv jordbruk. Hovudavlinga er kaffi, som for det meste blir dyrka på plantasjar. USA-baserte føretak har stor makt innanfor plantasjedrifta, og USA står som den viktigaste handelspartnaren til Guatemala.
Les meir om Guatemala

Grenada

Grenada

Grenada, øystat i Karibia. Grenada er ei vulkanøy og den sørlegaste av Windwardøyane. Øya har tropisk havklima. . Dyrking av krydder, bananar og kakao er viktige næringar i tillegg til noko turisme.
Les meir om Grenada

El Salvador

El Salvador

El Salvador (República de El Salvador, ’frelsaren’), den minste, men tettast folkesette republikken i Mellom-Amerika. Jordbruket er den viktigaste næringsvegen, og det blir produsert mykje kaffi og bomull.

Les meir om El Salvador

Ecuador

Ecuador

Ecuador, republikk nordvest i Sør-Amerika. Landet grensar til Colombia og Peru, og har kystlinje til Stillehavet. Ecuador høyrde til inkariket og vart erobra av spaniarane i 1534.

Les meir om Ecuador

Dominica

Dominica

Dominica (Commonwealth of Dominica), øystat i Karibia. Øya Dominica er av vulkansk opphav, og den høgste toppen ligg på 1447 moh. Colombus kom til Dominica i 1493.
Les meir om Dominica

Brasil

Brasil

Brasil, republikk som dekkjer halve kontinentet til Sør-Amerika. Brasil har enorme naturressursar: Landet står for ein åttandedel av skogproduksjonen  i verda, det har ein av dei rikaste jernmalmreservane på jorda. Brasil har vore verdsmeister i fotball fem gongar.
Les meir om Brasil

Bolivia

Bolivia

Bolivia, innlandsrepublikk i Sør-Amerika som grensar til Brasil, Paraguay, Argentina, Chile og Peru.Omkring 2/3 av folkesetnaden er indianarar, hovudsakleg quechuaer og aymaráer. Dei andre er mestisar og kvite.

Les meir om Bolivia

Venezuela

Venezuela

Venezuela (República Bolivariana de Venezuela), republikk i Sør-Amerika. Hugo Chávez styrte landet i dramatiske år frå 1999, avbrote av eit kortvarig og dramatiske kupp.

Les meir om Venezuela