Hopp til innhold
X
Innhald

Antigua og Barbuda

Antigua og Barbuda, stat og øygruppe i Leewardøyane i Karibia. Den viktigaste næringsvegen er turisme, men det blir også eksportert mykje bomull og frukt.

Antigua og Barbuda (Antigua and Barbuda), stat og øygruppe i Leewardøyane i Karibia. Øygruppa omfattar øyane Antigua (280 km², ca. 80 000 innbyggjarar), Barbuda (160 km², ca. 1500 innbyggjarar) og den ikkje busette øya Redonda. Hovudstaden St. John’s med om lag 30 000 innbyggjarar ligg på Antigua. Folkesetnaden er hovudsakleg svarte. Den viktigaste næringsvegen er turisme, men det blir også eksportert mykje bomull og frukt.
Foto: Cocos beach, Antigua. Foto: l.conti, flickr.com CC BY 2.0
Foto: Cocos beach, Antigua. Foto: l.conti, flickr.com CC BY 2.0
Britane koloniserte Antigua i 1632 og Barbuda i 1678. I 1967 vart øyane eit sjølvstyrt område assosiert med Storbritannia. Fullt sjølvstende som samveldestaten Antigua og Barbuda fekk øyane frå 1981. I 1995 vart landet ramma av orkanen Luis, som førte til skadar på 75 % av bygningane i landet.
Statsoverhovud er dronning Elizabeth II av Storbritannia. Statsminister sidan 2004 er Baldwin Spencer. Landet har vore medlem av alliansen ALBA (Alianza Bolivariana para los pueblos de nuestra América) sidan 2009.
Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 05.08.2013