Hopp til innhold
X
Innhald

Argentina

Argentina, forbundsrepublikk i Sør-Amerika. Landet er det nest største i areal i Sør-Amerika, etter Brasil. Hovudstaden er Buenos Aires.

Argentina (República Argentina), forbundsrepublikk i Sør-Amerika. Landet er det nest største i areal i Sør-Amerika, etter Brasil. Hovudstaden er Buenos Aires.

Pampasen, dei vide grasslettene som utgjer opplandet til Buenos Aires, er kjerneområdet i landet. I nord ligg det sumpete krattområdet Gran Chaco. I vest er Argentina skilt frå Chile av Andesfjella. Patagonia, eit einsformig steppehøgland, breier seg ut i sør. Argentina deler hovudøya i Eldlandet med Chile og gjer krav på dei britiske Falklandsøyane (Islas Malvinas) og ein del av Antarktis. Klimaet er temperert, men meir kontinentalt i det indre og subtropisk lengst i nord.

Landskap i Argentina. Foto: @Doug88888, flickr.com CC BY 2.0

Landskap i Argentina. Foto: @Doug88888, flickr.com CC BY 2.0

Buenos Aires-området med om lag 15 millionar innbyggjarar har ein svært dominerande posisjon. Ein ganske allsidig industri er den økonomisk viktigaste næringsgreina, og denne er hovudsakleg lokalisert i hovudstadsområdet. Det blir dyrka mykje korn på pampasen (kveite og mais), forutan sukker, vin, frukt, lin, bomull og meir. Det finst mange storgods, estancias, med stort husdyrhald. Desse eksporterer kjøt, huder og ull. Jernbane- og vegnettet er godt utbygd. Landet er tilnærma sjølvforsynt med olje og gass.

Fotball er ein stor og populær idrett i Argentina. Argentina vart verdsmeister i fotball i 1978 og 1986.

Tangodansarar i Buenos Aires. Foto: Kumar Jhuremalani, flickr.com CC BY 2.0

Tangodansarar i Buenos Aires. Foto: Kumar Jhuremalani, flickr.com CC BY 2.0.

Historie

Området rundt Río de la Plata vart kolonisert av spaniarane på 1500-talet. Visekongen av Peru hadde overherredømet i byrjinga, men i 1776 vart visekongedømet La Plata oppretta. Det omfatta det som i dag er Argentina, Bolivia, Uruguay og Paraguay. Under fridomskrigen i 1810–42 vart området delt opp i desse statane. Argentina vart proklamert som sjølvstendig stat i 1816.

Landet fekk ein økonomisk oppsving mot slutten av 1800-talet. Då vart pampasen oppdyrka av immigrantar, særleg frå Spania og Italia. Dette var også ein politisk stabil periode, til skilnad frå 1900-talet, då meir eller mindre fascistiske diktatorar avløyste kvarandre. Ei særstilling fekk den periodevis svært populære Juan Perón, som var president i åra 1946–55 og på nytt frå 1973 til 1974. Enkja hans, Maria Estela Perón, var president i 1974–76. Ho vart styrta ved eit militærkupp som var leidd av general Jorge Rafael Videla, som vart sett inn som president. Dette innleidde eit militærstyre som varte til 1983.

Under skiftande leiarar styrte juntaen ved hjelp av terror: opptil 30 000 menneske forsvann sporlaust under «den skitne krigen» mot motstandarane av juntaen. Industriproduksjonen vart nærare halvert, og arbeidsløysa auka. Eit forsøk på å skape samling mot ein ytre fiende vart gjort då argentinske styrkar 2. april 1982 okkuperte Falklandsøyane, som Argentina har gjort krav på sidan 1820. Styrkane måtte kapitulere allereie 14. juni same året.

Sjå video frå NRK Skole om Falklandskrigen, «Falklandskrigen 1982»:

Juntaen vart nøydd til å lyse ut frie val. Desse bringa den liberale Raúl Alfonsín til makta i 1983 som den 20. presidenten sidan 1945. Han var fleire gonger truga av forsøk på militærkupp, samtidig som den økonomiske krisa forsterka seg. I 1989 førte krisa til ein stor valsiger for peronisten Carlos Menem. Under regjeringa hans vart det gjennomført økonomiske reformer som mellom anna har ført til ei hardhendt nedskjering av offentlege utgifter og privatisering av statlege føretak.

I 1990 gjenoppretta landet den diplomatiske kontakten med Storbritannia. Menem sat som president også i perioden 1995–99. Opposisjonsleiaren Fernando de la Rua vart vald til president i 1999. Ein stadig lågare levestandard og harde økonomiske innstrammingar utløyste kraftige opptøyar, og de la Rua gjekk av i desember 2001. Adolfo Rodriguez Saa tok over, men sat berre ei veke. I januar 2002 vart Eduardo Duhalde vald til overgangspresident før valet i 2003. Kaos i økonomien førte til at ein vedtok å devaluere valutaen etter ti år med likeverd mellom argentinske pesos og amerikanske dollar.

Den økonomiske krisa vart følgd av kraftig økonomisk vekst, sjølv om Argentina framleis er prega av høg arbeidsløyse og utstrekt fattigdom. Carlos Menem trekte seg frå presidentvalet i 2003, og den kandidaten som stod att, guvernøren Nestor Kirchner, vart vald til president. I 2007 vart kona til, seinare enkja etter, Nestor Kirchner vald til president. Ho sat to periodar. President sidan 2015 er Mauricio Macri. 

Presidenten i Argentina er også regjeringssjef.


Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.06.2013
Sist oppdatert: 24.05.2018