Hopp til innhold
X
Innhald

Bahamas

Bahamas (The Commonwealth of the Bahamas), stat og øygruppe søraust for Florida som omfattar 29 større, busette øyar og meir enn 2000 holmar og skjer. Øyane er låge og langstrekte, bygde opp av porøse kalkbergartar og omgitte av korallrev. Dei har eit tropisk passatklima med varme havstraumar frå Golfstraumen.
Fisking på Bahamas. Foto: Kathryn Maroun, flickr.com CC BY 2.0
Fisking på Bahamas. Foto: Kathryn Maroun, flickr.com CC BY 2.0

Den høge levestandarden kjem særleg av turismen, som er den næringa som sysselset flest menneske. Høgsesongen er mellom desember og april. Bahamas er også eit finanssentrum, for mange føretak er registrerte der av skattemessige omsyn. Grønsakdyrking, fiske, sementindustri er også viktige næringar.
Dei opphavlege indianarane vart raskt utrydda etter at dei første europearane (Columbus) kom til øyane i 1492. Bahamas var engelsk koloni frå 1648, men fekk indre sjølvstyre i 1964 og vart fullt sjølvstendig samveldestat i 1973. Statsoverhovud er dronning Elizabeth II av Storbritannia. Statsminister sidan mai 2011 er Perry Christie.


Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.06.2013
Sist oppdatert: 17.06.2013