Hopp til innhold
X
Innhald

Barbados

Barbados, øystat aust i Det karibiske havet som er ein del av Dei små Antillane. Hovudstaden er Bridgetown.
Barbados er bygd opp av sandstein og kalk med eit lag av vulkansk oske øvst, og øya stig jamt frå sør mot nord, der det høgste punktet er 345 moh. Ho har eit behageleg tropisk passatklima utan nemneverdige årstidsvekslingar. Om lag 94 % av folkesetnaden er svarte eller farga, og resten er kvite. Barbados er tett folkesett og har ein stadig straum av utvandrarar. Turismen er den viktigaste næringsvegen. Over store delar av øya blir det dyrka sukkerrøyr. Eksport av sukker og elektriske komponentar er andre viktige næringsvegar.
Foto: Derek Hatfield, flickr.com CC BY 2.0

Historie
Dei første europearane som kom til Barbados, var truleg spanjolar og portugisarar i 1519. Urfolket, som var arawakindianarar, vart utrydda. Øya vart britisk koloni frå 1625, og det vart oppretta sukkerplantasjar og innført slavar frå Afrika. Barbados fekk indre sjølvstyre i 1962 og vart sjølvstendig samveldestat i 1966 etter å ha vore medlem av Den vestindiske føderasjonen i åra 1958–66.
Dronning Elizabeth II av Storbritannia er statsoverhovud. Statsminister sidan oktober 2010 er Michiel Fruendel Stuart.

Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.06.2013
Sist oppdatert: 17.06.2013