Hopp til innhold
X
Innhald

Belize

Belize, stat nord i Mellom-Amerika ved Det karibiske havet og aust for Guatemala. Han heitte fram til 1973 Britisk Honduras. Hovudstaden er Belmopan og største by Belize City.
Låglandet i nord er sumpete, medan ein i sør finn fjellområde. Klimaet er tropisk, og orkanane kjem hyppig. Folkesetnaden er svært blanda, men det er mest svarte og indianarar. Viktige eksportvarer er sukker, sitrusfrukter og bananar, samt enkelte skogsprodukt. Elles er turisme ei viktig næring.
 
Belize City. Foto: Ian Morton, flickr.com CC BY 2.0
Landet vart kolonisert av England frå om lag 1640, og det vart britisk koloni i 1862. I 1964 fekk det indre sjølvstyre. Då Belize i 1981 vart sjølvstendig samveldestat, vart det ståande britiske troppar i landet som forsvar mot Guatemala, som såg på det som ein del av sitt territorium. Først i 1991 anerkjende dei Belize som eigen stat. Statsoverhovud er dronning Elizabeth II av Storbritannia. Statsminister sidan februar 2008 er Dean Oliver Barrow.


Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.06.2013
Sist oppdatert: 17.06.2013