Hopp til innhold
X
Innhald

Canada

Canada, forbundsstat i Nord-Amerika som omfattar ti provinsar og to territorium. Leiv Eiriksson kom til austkysten av Canada allereie omkring år 1000.

Canada, forbundsstat i Nord-Amerika som omfattar ti provinsar og to territorium. Dei austlege og sentrale delane av Canada er eit vidstrekt grunnfjellsplatå med mange sjøar. I vest ligg det høge fjellkjeder, og den høgste toppen i landet er Mount Logan på 6050 moh. Den midtre delen av landet er ein del av den nordamerikanske prærien. I nord breier vidstrekte tundraer seg utover. Størstedelen av Canada har eit utprega kontinentalt klima, strenge vintrar og varme somrar. Langs stillehavskysten er klimaet mildare og nedbørrikt.
Lake Moraine i Alberta. Foto: edwademd, flickr.com CC BY 2.0
Lake Moraine i Alberta. Foto: edwademd, flickr.com CC BY 2.0
90 % av folkesetnaden bur i ei sone langs den 500 mil lange grensa mot USA, særleg i industriområda i aust, med sentrum i millionbyane Toronto og Montréal. Landet har store naturressursar. Treforedlingsindustrien er den av industrigreinene som har det største talet på sysselsette, og landet er den største produsenten av avispapir i verda og den nest største av tremasse og cellulose. Canada er også den største produsenten av nikkel, sølv og sink og den nest største av kopar og molybden.
Olje- og gassfelt i det indre (særleg i Alberta) har vore viktige for den økonomiske utviklinga. Norske Statoil har store omstridde investeringar i oljesandprosjekt i Alberta. Over 60 % av elektrisitetsproduksjonen kjem frå vasskraftverk. Mange industriføretak i USA har dotterselskap i Canada. Innanfor jordbruket blir det dyrka mykje kveite i dei indre prærieområda, men husdyrprodukta har mest å seie i verdi.

Historie
Leiv Eiriksson kom til austkysten av Canada allereie omkring år 1000. Den italiensk-engelske oppdagingsreisande John Cabot oppdaga på nytt landet for europearane i 1497. Seinare var det fleire franskmenn som utforska området, i første rekkje Jacques Cartier i 1534. Den franske koloniseringa byrja på 1600-talet, og Québec vart grunnlagd i 1608. Det vart oppretta ein innbringande pelshandel med indianarane. Dette var eit felt der engelskmennene ville vere med og konkurrere, og Hudson Bay-kompaniet vart oppretta i 1670.
På 1700-talet vart det utkjempa fleire kolonikrigar mot England, og i 1763 vart Frankrike tvinga til å avstå heile Canada til England. I 1867 vart Canada den første dominionen i Det britiske samveldet. Landet kjempa på britisk side i begge verdskrigane. Påverknaden frå USA har vorte svært sterk, og styresmaktene arbeider bevisst for å minske denne avhengnaden. Canada vart medlem av NATO i 1949.
Canada er ein velferdsstat og ei av dei økonomiske stormaktene i verda. Konservative og liberale har skiftevis hatt den parlamentariske makta. Under statsminister Pierre Trudeau sat det liberale partiet ved makta i 1968–79 og 1980–84. Sidan midten av 1960-åra har nasjonalistrørsla i Québec skapt mykje uro. Provinsen fekk i 1977 anerkjent fransk som offisielt språk. Separatistane kravde sjølvstende, men dette vart forkasta i ei folkeavrøysting i mai 1980.
Ei forfatningsreform (Canada Act) i 1982 gav Canada fullt konstitusjonelt sjølvstende frå Storbritannia. Den konservative Brian Mulroney, statsminister sidan 1984, gjekk av i februar 1993 etter å ha tapt ei folkeavrøysting om ei forfatningsendring. Etter eit kort mellomspel leid dei konservative det største valnederlaget sitt nokon gong, og ny statsminister vart Jean Chrétien. Reformforslaget til Mulroney tok sikte på å styrkje dei vestlege provinsane sin representasjon i parlamentet og å gi Québec ein spesiell status i Canada. Separatistane tok likevel avstand frå forslaget og gjekk inn for fullt sjølvstende. Ved ei folkeavrøysting i 1995 tapte sjølvstendeforslaget med ein margin på knappe 1 % av stemmene.

Den nordamerikanske frihandelsavtalen (NAFTA) tredde i kraft i 1994. Frå 1999 har inuittfolket hatt sjølvstyre i eit område (Nunavut) som grensar opp til Nordvestterritoria. Statsoverhovud er dronning Elizabeth II av Storbritannia. Stephen Harper frå det konservative partiet var statsminister 2005–2015. 19. oktober 2015 vart Justin Trudeau frå det liberale partiet vald til statsminister. 

Sjå turistvideo frå Canada:

Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.07.2013
Sist oppdatert: 17.03.2017