Hopp til innhold
X
Innhald

Chile

Chile (República de Chile), republikk på vestkysten av Sør-Amerika. Spaniarane byrja å kolonisere Chile i 1530-åra og landet vart sjølvstendig i 1818.

Chile (República de Chile), republikk på vestkysten av Sør-Amerika. Landet er svært langstrekt – meir enn dobbelt så langt som Noreg – og er dominert av Andesfjella, som har fleire toppar på over 6000 moh. I nord ligg Atacamaørkenen med kopar- og salpeterutvinning. 95 % av folkesetnaden bur i den midtre delen av Chile, i ein fruktbar lengdedal med middelhavsklima. Den sørlege delen av landet har eit fuktig og rått klima med barskog.
Chile, landskap. Foto: Doug Wheller, flickr.com  CC BY 2.0
Chile, landskap. Foto: Doug Wheller, flickr.com  CC BY 2.0
Mesteparten av jordbruket blir drive på storgods med forpaktarar. Kveite, tropiske frukter og vin er viktige produkt. Byområda har ein allsidig industri. Andre viktige næringar er skogbruk og fiske, og landet har dessutan stor eksport av kopar.

Historie
Spaniarane byrja å kolonisere Chile i 1530-åra. Landet vart sjølvstendig i 1818. Midt på 1800-talet byrja utvinninga av salpeter, noko som førte til den såkalla salpeterkrigen med Peru og Bolivia i 1879–84, då Chile erobra dei rike reservane i nord. Samanlikna med mange andre søramerikanske statar var den politiske utviklinga i Chile fredeleg og demokratisk i eit heilt hundreår.
I 1970 vart Salvador Allende vald til president. Han innleidde ei sosialistisk omforming av landet, nasjonaliserte kopargruvene, sette i verk jordreformer og meir, men ei økonomisk krise, indre uro og politisk trykk utanfrå (særleg frå USA) ramma Chile. Allende tok sitt eige liv under eit blodig statskupp i 1973, og makta vart teken over av ein militærjunta som var leidd av general Augusto Pinochet. Han innførte eit terrorregime der opposisjonelle vart fengsla og torturerte, og der titusenvis av menneske vart drepne eller «forsvann». Nærare éin million chilenarar drog i eksil.
I 1989 vart det igjen gjennomført eit demokratisk presidentval, og dette gav siger til kristelegdemokraten Patricio Aylwyn. Handlefridomen til den sivile regjeringa var likevel avgrensa. Pinochet sat som forsvarssjef heilt til 1998 og deretter som senator på livstid. På det økonomiske området førte den sivile regjeringa hovudsakleg vidare den liberalistiske politikken til militærregimet. Denne politikken førte til stor økonomisk vekst, samtidig som store delar av folkesetnaden lever på eller under fattigdomsgrensa.
Santiago de Chile ligg ved foten av Andesfjella. Foto: Jeff Belbonte, flickr.com CC BY 2.0
Santiago de Chile ligg ved foten av Andesfjella. Foto: Jeff Belbonte, flickr.com CC BY 2.0
I 2000 vart det sett inn tiltak for å stille Pinochet og andre representantar for militærjuntaen rettsleg til ansvar for brotsverka dei gjorde etter kuppet i 1973. Michelle Bachelet, som representerte sentrum–venstre-koalisjonen, vart vald til president i 2006. I 2010 vart Sebastian Piñeda, som representerer høgresida, vald som president. Han er den første ikkje-sentrum–venstre-presidenten sidan Pinochet gjekk av i 1989. Presidenten i Chile er også regjeringssjef.
Perioden under Piñeda har vore prega av sosiale konfliktar og særleg store, omfattande studentdemonstrasjonar. 27. februar 2010 vart landet ramma av eit stort jordskjelv (8,8 på Richters skala) rett utanfor kysten av det sentrale Chile. Skjelvet skapte enorme øydeleggingar og 497 menneske vart stadfesta omkomne.

Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.07.2013
Sist oppdatert: 03.07.2013