Hopp til innhold
Colombia sitt flagg.
Colombia sitt flagg.
X
Innhald

Colombia

Colombia (República de Colombia), republikk nordvest i Sør-Amerika. Colombia er den nest største kaffiprodusenten i verda, og kaffien står for om lag 2/3 av eksportinntektene

Colombia (República de Colombia), republikk nordvest i Sør-Amerika. Kyststrekninga er om lag 1300 km mot Stillehavet og om lag 1600 km mot Det karibiske havet. Den vestlege delen av landet omfattar høgland med tre kjeder av Andesfjella: Cordillera Occidental, Cordillera Central og Cordillera Oriental. Mellom desse ligg djupt nedskorne dalar. Den største blir drenert mot nord av Río Magdalena. Dei høgste fjelltoppane er Huila (5750 moh.) i sør og Sierra Nevada (5775 moh.) i nord. Den austlege delen av landet omfattar i nord savannesletter, llanos, og i sør regnskog i Amazonas. Klimaforholda skiftar sterkt med høgda over havet, frå fuktig tropeklima i låglandet til område med frost i fjella.

Folkesetnaden er konsentrert til fjellområda og dalane mellom dei. Nesten halvparten er mestisar, meir enn 20 % er kvite og resten er indianarar og svarte. Grunnskuleundervisninga blir betre og betre utbygd, men er ikkje heilt obligatorisk. Jordbruket framstår som den dominerande næringsgreina. Colombia er den nest største kaffiprodusenten i verda, og kaffien står for om lag 2/3 av eksportinntektene. Mykje av avlingane er av god kvalitet og gir relativt høg pris.

Kaffiplantasje i Cauca, Colombia. Foto: Neil Palmer, CIAT, flickr.com CC BY 2.0

Kaffiplantasje i Cauca, Colombia. Foto: Neil Palmer / CIAT (International Center for Tropical Agriculture), Flickr.com CC BY-SA 2.0.

På plantasjar i låglandet dyrkar ein bomull, sukkerrøyr, bananar og tobakk. Mais og poteter til innanlands forbruk blir dyrka i høglandet. Cannabis og koka blir dyrka illegalt i stor målestokk. Elles blir det drive fedrift på savanneområda. I nordaust vinn ein ut olje, men mest til eige forbruk. Viktige eksportvarer er kol, gull, platina og smaragdar. Stor næringsmiddel- og tekstilindustri finn ein særleg omkring byen Medellín og i hovudstadsområdet. Tungindustrien er stort sett lokalisert ved Paz del Rio.


galleri

Historie

Colombia vart oppdaga for europearane i 1499 av Hojeda og Vespucci, men vart besøkt av (og kalla opp etter) Columbus i 1502. I 1536 vart kulturriket til Chibcha-indianarane erobra. Byen Santa Fé (no Bogotá) vart grunnlagd i 1538 og fungerte som hovudstad då Colombia i 1717 vart ein del av det spanske visekongedømet Nueva Granadá. I 1819 oppstod den sjølvstendige republikken Colombia, som også omfatta det som i dag er Venezuela, Panama og Ecuador. Venezuela gjekk ut av samanslutninga i 1829, Ecuador i 1830 og Panama først i 1903.

Politisk skifta makta stadig mellom dei sentralistiske konservative og dei føderale og antiklerikale liberale. Mellom 1948 og 1957 herska det nærast borgarkrig mellom dei to partane, men deretter styrte dei landet i koalisjon til ut i 1970-åra, då liberale presidentar tok over, sist César Gaviria Trujillo i 1990. Geriljarørsler og kriminalitet i byane er eit stort problem for styresmaktene, og dei sosiale forholda – 37,2 % av folkesetnaden lever i fattigdom – er i seg sjølv årsak til mykje uro. Ein mektig narkotikamafia vart eit aukande problem gjennom 1980- og 1990-åra. Dei store kartella vart nedkjempa i løpet av 1990-åra utan at dette enda narkotikatrafikken eller valden.

Dei største geriljagruppene i Colombia er Fuerzas Armadas Revolucionarias de Colombia (’Colombias revolusjonære væpna styrker’, forkorta FARC) og Ejército de Liberación Nacional (’Den nasjonale frigjeringshæren’, forkorta ELN). Geriljaorganisasjonen ELN sa seg i 1997 villig til å forhandle med regjeringa, men i mars 1998 braut det ut nye omfattande kampar sør i landet. Sidan 1960-åra er over 250 000 menneske drepne i krigen mellom opprørarane og regjeringa. Andres Pastrana, som var president i åra 1998–2002, gjorde forsøk på fredssamtalar med geriljaen, men som følgje av fleire aksjonar avslutta Pastrana fredsprosessen i februar 2002 og gav hæren ordre om å ta over den demilitariserte sona til geriljaen.


Demonstrasjon i Medellín mot FARC i 2008. Foto: medea_material, Flickr.com CC BY 2.0.

Demonstrasjon i Medellín mot FARC i 2008. Foto: medea_material, Flickr.com CC BY 2.0.

Høgrekandidaten Alvaro Uribe vann presidentvalet med over halvparten av røystene i mai 2002. Han vart sett inn som president i august same året og attvald i 2006. Uribe valde ei hardare linje mot opprørarane, og gjennom mange offensivar og drap på sentrale leiarar klarte regjeringa å svekkje geriljaen. 

President sidan 2010 er Juan Manuel Santos, tidlegare forsvarsminister i regjeringa til Uribe. Santos har halde fram med Uribe si linje mot geriljaen, men har vist seg meir open for fredssamtalar. I 2016 vart det underteikna ein fredsavtale mellom regjeringa og FARC, men avtalen fekk ikkje fleirtal i folkerøystinga som vart halden om den. Seinare same år kom ein reforhandla avtale på plass. Myndigheitene plikta med denne mellom anna å gjennomføre ei jordreform og styrke innsatsen for å hjelpe fattige. FARC på si side måtte mellom anna levere inn våpen og medlemmer fekk redusert straff mot tilståing. Som del av avtalen vart FARC anerkjent som politisk parti og sikra representantar både i underhuset og senatet fram til 2026. Samstundes med overgangen til legitimt parti varsla den tidlegare geriljagruppa at dei bytta namn til Fuerza Alternativa Revolucionaria del Comun – Dei felles alternative revolusjonære styrkane. 

Med den andre geriljagruppa, ELN, har det ikkje lukkast å inngå fredsavtale, men det vart i 2017 inngått ei mellombels våpenkvile. 

I 2016 fekk president Santos Nobels fredspris for innsatsen han har gjort for å få slutt på konflikten i landet.

Utanriksminister Børge Brende og president Juan Manuel Santos under FNs 70. generalforsamling i 2016. Noreg har vore involvert i fredsarbeidet i Colombia i fleire tiår, og var saman med Cuba med på å legge til rette for forhandlingane mellom Colombia si regjering og FARC. Foto: Utenriksdepartementet DU, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Utanriksminister Børge Brende og president Juan Manuel Santos under FNs 70. generalforsamling i 2016. Noreg har vore involvert i fredsarbeidet i Colombia i fleire tiår, og var saman med Cuba med på å legge til rette for forhandlingane mellom Colombia si regjering og FARC. Foto: Utenriksdepartementet DU, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.


Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.07.2013
Sist oppdatert: 06.10.2017