Hopp til innhold
X
Innhald

Costa Rica

Costa Rica (República de Costa Rica), republikk i Mellom-Amerika. Costa Rica har obligatorisk 9-årig skule og i mellomamerikansk samanheng er landet eit velferdssamfunn.

Costa Rica (República de Costa Rica), republikk i Mellom-Amerika. Mesteparten av folkesetnaden bur på platå om lag 1000–1500 moh. På kystslettene er tropeklimaet heitare og fuktigare enn i høglandet. Småbønder dyrkar kaffi og sukkerrøyr i høglandet, der jorda delvis er av vulkansk opphav. Ved stillehavskysten ligg det bananplantasjar. Kaffi og bananar er dei dominerande eksportvarene. Rundt San José finn ein ein del forbruksvareindustri. Costa Rica har obligatorisk 9-årig skule – berre 7 % er analfabetar – og i mellomamerikansk samanheng er landet eit velferdssamfunn.
Skuleborn i San Jose, Costa Rica. Foto: 350.com, flickr.com CC BY 2.0
Skuleborn i San Jose, Costa Rica. Foto: 350.com, flickr.com CC BY 2.0
Det vart oppdaga for europearane av Columbus i 1502 og reiv seg laust frå det spanske overherredømet i 1821. I 1823–38 var det medlem av Den mellomamerikanske føderasjonen, men frå 1840 vart landet ein sjølvstendig republikk. Costa Rica har lange demokratiske tradisjonar; hæren vart til dømes avskaffa i 1949. Landet har økonomisk og politisk vore knytt til USA, men gav også støtte til sandinistane i Nicaragua i kampen mot diktatoren Somoza. Det er eit godt utvikla offentleg helsesystem i landet.
Whales tail, Costa Rica. Foto: costaricaproperty, flickr.com CC BY 2 0
Whales tail, Costa Rica. Foto: costaricaproperty, flickr.com CC BY 2 0

President Oscar Arias spelte ei sentral rolle ved fredsforhandlingane i Mellom-Amerika i 1987–88. Oscar Arias vende tilbake som president i 2006. President sidan 2010 er Laura Chinchilla, som også var minister i den siste regjeringa til Arias. Presidenten i Costa Rica er også regjeringssjef.


Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.07.2013
Sist oppdatert: 03.07.2013