Hopp til innhold
X
Innhald

Cuba

Cuba (Républica de Cuba), republikk som ligg på den største øya i Dei store Antillane i Karibia. Sukker utgjer halvdelen av eksportinntektene, og elles blir det eksportert nikkel, fisk, tobakk og kaffi. Fidel Castro var statsleiar frå 1959 til 2006.

Cuba (Républica de Cuba), republikk som ligg på den største øya i Dei store Antillane i Karibia. Mesteparten av Cuba har eit mjukt kupert landskap. I aust ligg fjellpartiet Sierra Maestra på om lag 2000 moh. Jordsmonnet er fruktbart, og meir enn halve øya er dyrkbar. Cuba har eit tropisk havklima med regntid frå mai til oktober. Sukkerproduksjonen skjer på statsbruk, og desse omfattar over 85 % av arealet. Sukker utgjer halvdelen av eksportinntektene, og elles blir det eksportert nikkel, fisk, tobakk og kaffi. I industrien arbeider ein hovudsakleg for heimemarknaden. Skule- og helsevesen er godt utbygd.
Havana. Foto: Nathan Laurell, flickr.com CC BY 2 0
Havana. Foto: Nathan Laurell, Flickr.com CC BY-NC 2.0.
Historie
Colombus oppdaga Cuba for europearane i 1492 og gjorde krav på øya for Spania. Den første spanske busetnaden vart grunnlagd i 1511. Dei indianske utfolka vart utrydda tidleg i koloniseringstida. I 1868–78 gjekk det føre seg ein frigjeringskamp, og i 1895 skjedde det eit nytt opprør. USA erklærte krig mot Spania i 1898 og okkuperte øya. Cuba vart ein sjølvstendig republikk i 1902, sterkt økonomisk og politisk avhengig av USA.
Cuba vart styrt av meir eller mindre korrupte militærdiktatorar heilt til geriljaen til Fidel Castro fordreiv president Batista i 1959. Den sosialistiske revolusjonen førte snart til brot med USA. I april 1961 gjorde cubanske emigrantar, støtta av CIA, eit mislukka invasjonsforsøk. I oktober 1962 kom den såkalla Cubakrisa, då amerikanarane tvinga Sovjetunionen til å fjerne atomrakettar som landet hadde plassert på øya.
Fidel Castro på besøk i Boston, USA, på femtialet. Foto: Leslie Jones, Boston Public Library, flicr.com CC BY
Fidel Castro på besøk i Boston, USA, på femtialet. Foto: Leslie Jones, Boston Public Library, flicr.com CC BY
Med støtte frå OAS (Organisasjonen av amerikanske statar) har USA forsøkt å isolere Cuba, og dei handhevar ein økonomisk blokade av landet. Cuba har store militære styrkar, som i 1970- og 80-åra vart sette inn i kampar i Afrika, særleg i Angola. Samanbrotet av Sovjetunionens isolerte Cuba politisk, og det har skapt ein svært alvorleg økonomisk situasjon for landet. Cuba fekk økonomisk støtte frå Sovjetunionen og hadde dei sosialistiske landa som marknad for den viktige sukkereksporten.
I 1990-åra lukkast Cuba til ein viss grad i å svekkje den amerikanske blokaden, mellom anna gjennom aukande turisme. Pave Johannes Paul II besøkte landet i 1998. Dette bidrog til at isolasjonen av Cuba vart endå meir svekt. Fidel Castro var statsminister og faktisk makthavar frå 1959 og president frå 1976 og fram til han overlét den reelle makta til bror sin, Raúl Castro, då han sjølv vart alvorleg sjuk i 2006. Raúl Castro vart offisiell president i 2008 og sat til 2018. Raúl Castro heldt fram med ein sosialistisk politikk, men gjorde også visse endringar i den økonomiske politikken, mellom anna ved å tillate noko meir av private økonomiske initiativ og større økonomisk fridom for folket. President sidan 2018 er Miguel Diaz-Canel. 
Cuba er medlem av handelsorganisasjonen ALBA (Alianza Bolivariana para los pueblos de nuestra América).
Fidel Castro. Foto: Adi ALGhanem, flickr.com CC BY 2 0
Fidel Castro. Foto: Adi ALGhanem, flickr.com CC BY 2 0


Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 04.10.2018