Hopp til innhold
X
Innhald

Den dominikanske republikken

Den dominikanske republikken (República Dominicana), republikk i Karibia som omfattar den austlege delen av øya Hispaniola; Haiti ligg på den vestlege delen.USA har stor innverknad på næringslivet, og turismen er også prega av amerikanarar.
Den dominikanske republikken (República Dominicana), republikk i Karibia som omfattar den austlege delen av øya Hispaniola; Haiti ligg på den vestlege delen. Landet har tropeklima med ein svalande nordaustpassat og er oppdelt av fleire vest–aust-gåande fjellkjeder. Den høgste toppen ligg på 3175 moh. Folk bur i dei breie dalstroka og har jordbruk som viktigaste næringsveg. Jordbruksprodukta er først og fremst sukker og deretter kaffi, kakao, tobakk og bananar. Desse gir 3/4 av eksportinntektene. I byane finst det ein del næringsmiddelindustri, og det blir vunne ut gull, sølv og nikkel. USA har stor innverknad på næringslivet, og turismen er også prega av amerikanarar. Undervisning og helsevesen er av dårleg kvalitet og har ikkje vore prioritert av regjeringane dei siste tiåra.
Kaffiarbeidarar i Den dominikanske republikk. Foto: Bruce X. Edwards, flickr.com CC BY 2.0
Kaffiarbeidarar i Den dominikanske republikk. Foto: Bruce X. Edwards, flickr.com CC BY 2.0

Historie
Spaniarane grunnla byen Santo Domingo allereie i 1496, og bortsett frå i 1795–1809, då området var under fransk styre, hadde dei herredøme over landet til 1821, då svarte frå Haiti tok makta. Etter eit opprør mot Haiti vart Den dominikanske republikken erklært som sjølvstendig stat i 1844. Landet har vore prega av revolusjonar, politisk uro og veksande innverknad frå USA, som heldt landet okkupert frå 1916 til 1924.
I perioden 1930–61 hadde familien Trujillo diktatorisk makt og gjorde seg svært rike på dette. Under ei politisk uro i 1965 gjekk USA til militær intervensjon. Frå 1966 styrte den konservative Joaquín Balaguer, og landet hadde stor økonomisk framgang, men den politiske uroa heldt fram. Ved valet i 1978 sigra den meir liberale António Guzmán Fernández, som tok sjølvmord i 1982. Guzmán vart då etterfølgd av Salvador Blanco.
Frå 1986 til 1996 var Balaguer igjen president, etterfølgd av Leonel Fernández Reyna. I 2000 vart Hipólito Mejía vald til president. I 2003 opplevde landet ei alvorleg økonomisk krise som følgje av ein serie store bankkonkursar. I 2004 vart igjen Leonel Fernández Reyna vald som president, og han vart attvald i 2008. Danilo Medina har vore president sidan 2012.
Presidenten i Den dominikanske republikken er også regjeringssjef.

Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.08.2013
Sist oppdatert: 06.08.2013