Hopp til innhold
X
Innhald

Dominica

Dominica (Commonwealth of Dominica), øystat i Karibia. Øya Dominica er av vulkansk opphav, og den høgste toppen ligg på 1447 moh. Colombus kom til Dominica i 1493.
Dominica (Commonwealth of Dominica), øystat i Karibia. Øya Dominica er av vulkansk opphav, og den høgste toppen ligg på 1447 moh. Innbyggjarane er hovudsakleg av afrikansk eller blanda afrikansk-europeisk opphav. Dyrking av bananar, som utgjer 70 % av eksportverdien, kokospalmar og sitrusfrukt er viktige næringsvegar. Landet får økonomisk støtte frå EU.
Colombus kom til Dominica i 1493. Landet var britisk koloni frå 1783, men fekk indre sjølvstyre i 1967 og fullt sjølvstende innanfor Samveldet i 1978. Regjeringa har kjempa hardt for å halde på banankvotane på EU-marknaden. President sidan november 2003 er Nicholas Liverpool, og han vart attvald i 2008. Dominica har vore medlem av handelsorganisasjonen ALBA (Alianza Bolivariana para los pueblos de nuestra América) sidan 2008.
Foto: Christine Olson,flickr.com CC BY 2.0
Foto: Christine Olson,flickr.com CC BY 2.0

 

 



Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.08.2013
Sist oppdatert: 06.08.2013