Hopp til innhold
X
Innhald

Ecuador

Ecuador (República del Ecuador), republikk nordvest i Sør-Amerika. Landet grensar til Colombia og Peru, og har kystlinje til Stillehavet. Ecuador høyrde til inkariket og vart erobra av spaniarane under Pizarro i 1534.

Ecuador (República del Ecuador), republikk nordvest i Sør-Amerika. Landet grensar til Colombia og Peru, og har kystlinje til Stillehavet. Det dominerande landskapstrekket er dei to parallelle kjedene av Andesfjella med fjelltoppar på over 6000 moh. (Chimborazo 6267 m). Mellom kjedene ligg det eit høgland med ei rekkje bekken i om lag 3000 m høgd. Her bur over halvparten av folkesetnaden i landet, hovudsakleg fattige indianarar som dyrkar mais, kveite, poteter og bønner på småbruk.

Foto: Joseph Reynolds, flickr.com CC BY 2.0

Klimaet i fjella er temperert, men går over i fuktig tropeklima på kystslettene og i regnskogsområda i aust. I kystregionen dyrkar ein eksportprodukta bananar, kakao og kaffi på plantasjar og storgods. Her bur det mest mestisar og kvite. I låglandet i nordaust ligg det oljekjelder. Oljen går i røyrleidning til oljehamna Esmeraldas, men den store hamnebyen (og det økonomiske sentrumet i landet) er Guayaquil. Der finn ein tekstil- og forbruksvareindustri. Grunnskuleutdanning er obligatorisk, men 14 % er framleis analfabetar.


Historie

Ecuador høyrde til inkariket og vart erobra av spaniarane under Pizarro i 1534. Saman med Colombia og Venezuela danna Ecuador i 1822 forbundsstaten Colombia, men skilde seg ut og vart eigen republikk i 1830. Fram til den første verdskrigen var det politiske livet prega av strid mellom dei konservative (med støtte av kyrkja) og dei antiklerikale liberale. Ein krig med Peru i 1941–42 førte til at Ecuador mista store delar av eit landområde i Amazonas-jungelen der ein rekna med at det fanst olje. Desse avståingane vart aldri aksepterte av Ecuador og gjorde forholdet mellom dei to landa dårleg.

På heile 1900-talet har det stadig vore revolusjonar og presidentskifte. Dette spelet har gått føre seg i dei øvre laga av mestisfolkesetnaden, medan indianarane i fjella for ein stor del har stått utanfor det heile. Ecuador gjekk i 1992 ut av OPEC, Organisasjonen av oljeeksporterande land. Konflikt om grenseområde i sør førte i januar 1995 til væpna samanstøytar med Peru. Denne konflikten vart løyst i 1999. Landet har elles store økonomiske og sosiale problem, og presidentposten har vore utskifta hyppig.

I 1997 vart president Abdalá Bucaram avsett av kongressen etter store demonstrasjonar og streikar i protest mot den økonomiske politikken. Tidlegare president i kongressen Fabián Alarcón tok over som president. I 2000 vart president Jamil Mahuad avsett ved statskupp, og tidlegare visepresident Gustavo Noboa Bejarano tok over som president. På grunn av høg inflasjon vart det sett i verk økonomiske reformer i 2000. Desse førte til at landet erstatta den nasjonale valutaen sucre med amerikanske dollar i september 2000. President Lucio Gutierrez vart tvinga til å gå av i april 2005, og tidlegare visepresident Alfredo Palacio tok over som president.

President sidan januar 2007 er Rafael Correa, som høyrer til venstresida i politikken. Correa vart attvald i 2009. Han har gjennomført mange politiske og økonomiske reformer, mellom anna ei heilt ny grunnlov (2008), og han har ført landet inn i den venstreorienterte handelsorganisasjonen ALBA (Alianza Bolivariana para los pueblos de nuestra América).


Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.08.2013
Sist oppdatert: 24.09.2015