Hopp til innhold
X
Innhald

El Salvador

El Salvador (República de El Salvador, ’frelsaren’), den minste, men tettast folkesette republikken i Mellom-Amerika. Jordbruket er den viktigaste næringsvegen, og det blir produsert mykje kaffi og bomull.

El Salvador (República de El Salvador, ’frelsaren’), den minste, men tettast folkesette republikken i Mellom-Amerika. Mesteparten av folkesetnaden bur på eit 600–800 m høgt, delvis vulkansk platå, der klimaet er subtropisk og relativt tørt. Jordbruket er den viktigaste næringsvegen, og det blir produsert mykje kaffi og bomull. Nokre få rike familiar eig det meste av den dyrka jorda. Industrien i byane er relativt godt utvikla. Grunnskuleundervisninga er i prinsippet obligatorisk, men når ikkje alltid ut i landdistrikta.
Kaffiarbeidarar i El Salvador. Foto: Eric Törner, flickr.com  CC BY 2.0
 
Kaffiarbeidarar i El Salvador. Foto: Eric Törner, flickr.com  CC BY 2.0
 
Historie
El Salvador var spansk til 1821 og vart sjølvstendig republikk i 1839, etter å ha vore medlem av Den mellomamerikanske føderasjonen frå 1823. Landet har hatt ei rekkje kupp og revolusjonar. Frå om lag 1972 voks det fram ein stadig hardare konflikt og geriljakrig mellom dei styrande høgreregjeringane og grupper på venstresida. Terroren og brutaliteten vekte internasjonal merksemd, særleg etter mordet på erkebiskop Romero i 1980.
I løpet av 1980-åra og byrjinga av 1990-åra vart omkring 75 000 menneske drepne i borgarkrigen og som offer for dei høgreekstremistiske dødsskvadronane. USA engasjerte seg på regjeringa si side. I februar 1992 vart det slutta fredsavtale mellom regjeringa og geriljarørsla. I 1994 vart Armando Calderón Sol frå det høgreorienterte Arena-partiet vald til president. Opposisjonen hevda at det hadde skjedd omfattande valfusk. Geriljarørsla FMLN har etter fredsavtalen omdanna seg til eit politisk parti, og har sidan gjort det bra i kongressvala og ofte vore det største partiet. Sidan slutten på borgarkrigen har alle presidentane fram til 2009 høyrt til på høgresida, og særleg i partiet Arena (1989–2009).
President sidan juni 2009 er Mauricio Funes, som representerer partiet FMLN. Landet har som naboane sine i Mellom-Amerika, vore prega av mykje vald og kriminalitet knytt til gjengar og narkotikatrafikk etter slutten på borgarkrigen.
Presidenten i El Salvador er også regjeringssjef.


Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.08.2013
Sist oppdatert: 06.08.2013